Hjem

Styret

Lagets historie

Terminliste

Bildegalleri

Hallingdanserne

Markenskappleiken

   

 

STRATEGI FOR FOLKEMUSIKK OG FOLKEDANS

 Temamøte for lokallag, spelemannslag og dansarlag

 

Har DU lyst til å bidra til å styrke vilkåra til lokallag, spelemannslag og dansarlag?
Då ønskjer vi i NU og FolkOrg å høyre frå deg!

I samband med regjeringa sitt arbeid med å lage ein strategi for folkemusikk og folkedans er det viktig å jobbe for at strategien inneheld det feltet treng. FolkOrg og Norsk senter for folkemusikk og folkedans tek med dette initiativ til både å sørgje for å vite kva feltet treng og å samordne slik at fleire kan jobbe for det same. I samarbeid med fleire organisasjonar og institusjonar, inviterer vi derfor til ein nettmøteserie med ulike tema.

Til dette temamøtet for spel- og dansarlag inviterer NU og FolkOrg den frivillige delen av folkemusikk- og folkedansfeltet. Alle som har tilknyting til eller erfaring frå lokallag kan delta og vi ynskjer å høyre dykkar tankar og innspel

Relevante tema og emne for det frivillige feltet:
- Korleis kan det best leggast til rette for opplæring og kompetanseheving innanfor folkemusikk og folkedans?
- Har de utfordringar i lokallaget? I så fall, kva?
- Tilskotsordningar. Korleis fungerer dei eksisterande tilskotsordningane for feltet? Er det noko som bør endrast eller forbetrast?
- Rekruttering
- Mediemerksemd for sjangeren
- Korleis kan politikk og forvaltning innanfor folkemusikk og folkedans best ivareta dei tradisjonelle uttrykka og samtidig stimulere mangfald og fornying?
- Korleis får lokallag respons frå sine kommunar og fylker? Møter de motstand eller inkludering?

Praktisk informasjon:
Meld deg på her og du vil få ei lenkje til deltaking til digitalt møte før møtet finn stad.

Vi håpar de vil vere med på dette møtet, slik at innspela vi gir blir best mogleg. Om de har tema de vil ta opp og som vi ikkje har nemnt her, så ta gjerne kontakt med oss.

Solfrid Nestegard Gjeldokk, FolkOrg, E-post: solfrid@folkorg.no

 

 

Kongsberg Spel og Dansarlag
Postboks 400
3604 Kongsberg
E-Post: Post@kongsberg-spelogdans.no
Web: Egil Nordem